I klassen til sonen min kan no alle invitere akkurat dei dei ønsker i bursdagen – ikkje som før då alle måtte invitere alle gutane eller alle jentene. For oss har dette blitt eit dilemma det er vanskeleg å forhalde seg til.

Sist oppdatert: 31. mai 2012

Då vi for eit år sidan kjøpte nytt hus, bytta sonen vår skule. Samtidig bestemte foreldra i klassen at det no var slutt på at alle fjerdeklassingane måtte invitere alle i bursdag. Med store klassar – og for vår del ein klasse med 18 gutar – var nok dette ei lette for mange. Få ser seg syn med å invitere heim 18 viltre gutar, og mange har betalt seg ut av det med å ha bursdagen ute.

At ein ikkje lenger må invitere alle, er for så vidt eit prinsipp eg støttar. Samtidig ser eg at det får negative utslag for sonen vår som framleis er å betrakte som «han nye» i klassen. Brått uteblei invitasjonane. Når bursdagsbarnet no skulle avgrense antal bursdagsgjester, vart vår son ofte utelatt.

Den evige bekymringen

Det vert uansett snakka om bursdagane på skulen
Bursdagar ein ikkje er invitert i, får ein oftast ikkje vite om, så det gjekk lenge før vi tenkte over det. Men så var det heller ikkje vi som foreldre som sto i skulegarden dagen etter ein av desse bursdagane der han ikkje hadde vore…

For nokre veker sidan fekk eg ein telefon frå ei mor til ein av medelevane i klassen. Sonen hennar var i bursdag denne dagen, og ho hadde forstått på sin son at min son ikkje skulle. Ho sa også at dette var endå ein bursdag der vår gut hadde vorte utelatt. Ho fortalde også at i ein bursdag tidlegare var vår son den einaste som ikkje hadde vorte invitert. Den bursdagen høyrde sonen min om, og eg hugsar den kvelden veldig godt. På skulen vart det snakka mykje om denne kjekke bursdagen - faktisk så mykje at dette er staden han sjølv ønsker å feire sin bursdag... "Dei hadde hatt det så gøy der!" Kva kan ein seie? Slikt gjer vondt i mammahjertet.

Eg vel å tru at dette var ein glipp – at foreldra som inviterte hadde sett på den gamle klasselista der sonen vår ikkje sto oppført. Men det var vondt. Han grein og forsto ikkje kvifor han ikkje var invitert. Eg måtte prøve å foklare at dei kanskje hadde late vere å invitere han fordi dei ikkje kjende han, samtidig som eg tenkte; det var vel nettopp «han nye» det var fint om dei hugsa på?

Hvem er du i søskeflokken?

Ein vil jo ikkje trenge seg på...
Å invitere til bursdag er ei privatsak. Å vere forelder til ein som ikkje blir invitert, kjennest hjelpelaust. Å ringe og spørje: «Skulle ikkje XX ha vore invitert?»  fell nok dei færraste foreldre naturleg å gjere.

Men sidan mora som ringde meg uttrykte at det hadde blitt eit problem at min son ofte vart utelatt, valde eg å kontakte læraren hans. Sjølv om bursdagsinvitasjonar til sjuande og sist ikkje er noko skulen kan eller skal blande seg inn i, syntest eg det var viktig at dei var informerte. Kanskje oppdaterte klasselister kunne bli sendt ut endå ein gong? Læraren tok eposten min alvorleg, og har diskutert situasjonen med dei andre lærarane på trinnet.  Også klassekontaktane har blitt informert. Så kan vi berre håpe at han vert teke med i vurderinga neste gong…

Han får invitere alle...
Når han sjølv snart skal feire sin bursdag, vart det vanskeleg å vite kva vi skulle gjere. På den eine sida burde vi invitere alle gutane i klassen for å ikkje gjere skilnad – på den andre sida var jo guten lite interessert i å be alle han sjølv ikkje har vore i selskap til. Vi fall ned på at vi ikkje ville utelate nokon, slik vår son har vorte utelatt.

Heidi Elin Nupen

Snart går han på skulen med 17 invitasjonar i sekken. Med eit håp om at nokre fleire vil invitere han i neste bursdag. Den som håper aller mest er den hjelpelause mora hans. 

Les også:

Bursdagsselskap: Barna som blir glemt

Hurra for barnet som fyller sitt år

Heidi Elin Nupen er redaktør for Familieverden og Babyverden.

Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelFølg oss på Facebook
Neste artikkelHer er vinneren av barneromkonkurransen
DEL