Når ein sender barn åleine med fly, må ein rekne med at flyet av og til må lande på ein annan flyplass. Det skjedde då Tobias(6) skulle overraske bestefar.

 

Sist oppdatert: 4. juni 2012

Vi hadde tenkt ei stund på det. Kva skulle vi gi til bestefar på 80-årsdagen hans? Kva ville han bli glad for? Kanskje eit uventa besøk på døra? Ja, det var ein god idé!

Bestefar bur om lag tre timar unna med fly. Flybytte i Oslo med innlagt pause på «leike/teikne/playstation-rommet». Sidan bursdagen var midt i veka, fann vi ut at vi skulle sende Tobias åleine til bestefar. Bestemor var med på planen, og sa ingenting til bestefar.

Når barnet reiser alene

Vi vinka «ha det» til seksåringen på Sola. Ein spent og glad gut hadde fått seg reisepengar og var klar til å kjøpe Pringles og Cola så fort dei kom med salsvogna. Etter eit stopp på Gardermoen, bar det inn i neste fly. Då flyet nærma seg flyplassen i Ørsta, vart det klart at vêret var for dårleg til at flyet kunne lande.

– Dei ringde frå SAS. Flyet måtte lande i Ålesund på grunn av vêret, og Tobias er sendt i taxi vidare til Ørsta! Men ein mann frå SAS er med han i taxien!

Har du sommerfeien i boks?

Sendt halvanna time i taxi
Mamma (bestemor) ringde meg og var litt oppkava. Halvanna time i taxi! Korleis tok Tobias dette, tru. Men eg kjende meg sikker på at han ville synest dette var heilt strålande. Og med jamne mellomrom ringde mannen frå SAS og orienterte mamma; «No er vi snart på ferja!», «Tenkte å kjøpe noko mat til Tobias på ferja – er det noko han ikkje tåler?»

Heime sat vi og venta på at han skulle kome fram. Fram til Ørsta og fram til bestefar. Halvanna time seinare kom Tobias fram. Bestefar måtte setje seg ned. Tobias slengte seg rundt halsen til bestemor. SAS-mannen var med passasjeren sin heilt inn i stova, og ba bestemor signere på at dei hadde motteke han. Og slik reglane er, måtte ho vise legitimasjon.

– Det gjekk heilt flott! Eg tenkte bare at det kom te å gå bra! Sa Tobias då han ringde meg like etter. Han hadde slett ikkje vorte skremd av at han hadde måtta lande ein annan stad åleine.

– Og på ferja kjøpte han sjoko-melk til meg!

– Men kva snakka de om på den lange taxituren?

–  Eg huske isje alt. Det va 1000 ting!

–  Tør du reise åleine igjen?

–   Så klart! Korfor spør du??

På ferie med barn – dette pakker du!

Med barn på biltur

Å fly med barn
 

Heidi er redaktør for Familieverden og Babyverden og mamma til Tobias

 

Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelLag kule eksperimenter hjemme!
Neste artikkelMowat Wilson. Håper Isak vil lære mer enn 25 ord
DEL