Den beste kvardagsmiddagen eg gjerne vil dele med Familieverden sine lesarar er raus, smakfull og italiensk. Dette er ein rett som er super å tilberede dagen i førevegen, sette kaldt til neste dag og så kan du putte den i omnen når du kjem heim etter ein lang dag på jobb, skule og barnehage.

Sist oppdatert: 7. september 2012

Bolognese er rett og slett ein kjøttsaus som kan nyttast på ulike måtar. Dette er kanskje den mest populære og kjende italienske sausen. Spaghetti alla bolognese er opprinneleg laga av malt kjøt av svin og okse, samt gulrot og tomat.

Kokk og stylist Ann Kristin Wang har brukt den herlege kjøttsausen og laga sin variant med bolognese, nemleg bolognese med potetlokk – og heime hos oss kom denne oppskrifta raskt inn på favorittlista!

Bolognesesausen blir betre dess lenger den får koke, så om ein vil førebu denne retten til neste dag, så er dette ein fin aktivitet å styre med om kvelden når ungane har gått til ro og mor eller far har kjøkkenet for seg sjølv.

Basisen for ein knallgod bolognese

Dette treng du for å lage ekte, italiensk bolognese:

4-6 ss olivenolje

– 3 gulrøter, fint hakka/terningar

– 2 store løk, fint hakka

– 3 stilkar stangselleri

– 4 store fedd kvitløk

– 200 g bacon i terningar eller italiensk panchetta

– 1 kilo karbonadedeig

– 1/2 ts malt muskat

– 3 dl buljong, gjerne kalve- eller kyllingbuljong (kjøp god fond på butikken)

– 4 ss tomatpuré

– 2 dl kvitvin (kan sløyfast)

– 2 ts provencekrydder

– 4 boksar hermetiske tomat, grovhakka

– salt og pepar

– Riven jarlsbergost til å strø over retten før du set den i omnen.

Slik gjer du det:
Ha olje i ei panne og surr alle grønsakene til dei blir blanke, om lag fem minutt. Hell grønsakene over i ei stor og romsleg panne. Steik så karbonadedeigen og panchetta/bacon kvar for seg. Ha det i kasserolla i lag med alle grønsakene.
Tilsett kvitvin og krydder, kok inn i nokre minutt og ha så i tomatpuré, buljong og tomatane. Dersom du ikkje brukar kvitvin, er det berre å ha tomatpuré, krydder, buljong og tomatar i gryta og starte kokinga med ein gong.

Så må bolognesen få koke på svak varme i minst 1 1/2 time. Du kan gjerne la den koke i inntil 2 1/2 time om du har tid til det. Medan bolognesen putrar i veg, kan du kose deg med avisa, hjelpe ungane med lekser, støvsuge huset, ta med ungane ein tur ut eller drøyme deg vekk til den italienske landsbygda!

Potetlokket = potetstappe
Til lokket må du lage potetstappe. Du kan gjerne bruke oppskrifta under, eller lage din eigen variant (men for all del; ikkje bruk desse posane med tørre potetflak som berre skal svelle i vatn og smør… Det blir ikkje det same!).

Dette trenger du:

- 1 kg mjølne poteter, skrella

- 2 ss smør

- salt og pepar

- 2 dl mjølk

- 1 ts muskat

Ferdig resultat med bolognesesaus i bånn, potetlokk og gyllen ost på toppen.

Slik gjer du:
Skjær potetene i mindre bitar og kok dei i vatn med litt salt til dei er møre. Varm opp mjølk, smør og muskat i ei anna panne. Slå vatnet av potetene og mos dei godt. Slå over den varme væska og visp til mosen blir luftig og lett. Dersom potetstappa vert for tjukk, sper du med meir mjølk. Smak til med salt og pepar.

Når bolognesen og potetstappa er ferdige, slår du sausen i ei eldfast form og har potetmosen på toppen. Då dette er ein raus porsjon bolognese, vil du heilt sikkert sjå at du ikkje har plass til all bolognesen i forma di. Resten set du til kjøling, har den i ei boks med tett lokk og frys ned. Dette er supert å ta opp ein annan dag du har knapt med tid. Då berre varmar du bolognesesausen og kokar litt pasta – vips, så har du middag!

Strø riven ost over potetstappa og dekk godt med plastfolie eller aluminiumsfolie. Set i kjøleskapet til neste dag. Då er det berre å ta den fram når du kjem heim frå jobb og la den steikje i ovnen medan du gjer andre ting. 

Steik på 200 grader i 20-30 minutt, til osten er gyllen og alt er gjennomvarmt.
Server med ein god salat, ta gjerne det du har i kjøleskapet. Eg brukte ein pose ferdig salatblanding som basis, så tilsette eg paprika, tomat, løk, blomkål og agurk. Til dressing laga eg ei blanding av Dijon-sennep, olivenolje, solsikkeolje, litt salt og pepar, ei klype sukker. Dressingen slo eg over rett før servering. Det som vart til overs av dressing sette eg i kjøleskapet slik at eg har til salaten ein annan dag!

Velbekomme!

Du kan sjølvsagt bruke bolognesesausen til å lage andre rettar òg, men om du ikkje vil lage varianten med potetlokk så er kanskje pasta det mest naturlege tilbehøret. Om du er så heldig at du har ei diger bålpanne kan du godt lage denne retten over bål i fjøresteinane eller på høgfjellet. Då må du ta med ferdig bolognese og kald, kokt pasta. Når det så er middagstid, slår du berre alt i bålpanna, blandar det og rører til det er varmt nok. Tenk så deilig å nyte alle desse gode smakane medan bølgene skvulpar eller fjellvinden ruskar deg i håret!

Oppskrifta har eg henta frå boka «Rundt bordet – god mat for hele familien».

Lyst på mer inspirasjon? Ta turen innom matbloggen På kjøkkenbenken

Les også: Gode spisevaner skapes i hjemmet

Les også: Få inspirasjon - gode oppskrifter på sunn mat

Les også: Små måltider i hverdagen

Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelPasta med røkelaks
Neste artikkelHeges kyllinggryte
DEL