Eg såg nyleg ein far som mishandla jenta si på Ikea. Opplevinga var så sterk at eg vart handlingslamma. Det skal eg ikkje bli "neste gong".

Sist oppdatert: 5. september 2011

Eg var på Ikea saman med dei to gutane mine. Det var midt i den travlaste tida, og vi hadde stått lenge i kø for å få maten. Endeleg kunne vi setje oss ned å ete.

Brått vert eg merksam på ein far og dotter hans nokre meter frå bordet vårt. Først tek han tak i arma til jenta og nærast låser denne fast i eit stramt grep. Eg får hakeslepp. Så tek han tak i håret, luggar kraftig og held så håret fast – heile tida medan jenta skrik lågt.

 

Eg sa ifrå…
Når han så seier: «Det der vil eg ikkje sjå!», klarer eg ikkje halde meg. Halvvegs ståande, peikar eg på dei, og seier: «Og det der vil ikkje eg sjå!» Han spør kva eg meiner, og eg svarar: «At du behandlar barnet ditt på den måten!» . Han slapp då opp grepet og dei gjekk derifrå.

Gutane mine som sat på andre sida av bordet, såg ikkje mishandlinga, men fekk med seg reaksjonen min. Eg forklarte dei kva faren hadde gjort med jenta si. Dei vart stille. Såg nok at mamma var litt stressa. Betre vart det vel ikkje då eg la til:

– Kjem han tilbake og slår mamma i hovudet med noko hardt, går det heilt fint altså! Det var det eg tenkte var mest sannsynleg ville skje. Mannen var ein stor bamse, mange gonger større enn meg.

Men mannen sat roleg ved bordet, og det hende ikkje noko meir. I alle fall ikkje på Ikea den dagen.

KVA VILLE DU HA GJORT I SAME SITUASJON? DISKUTER I FORUMET.

…men eg anmelde han ikkje.
Vel heime, begynte eg å ergre meg. Korfor hadde eg ikkje venta til den vesle familien var ferdige, funne bilnummeret og ringt politiet? Dette var jo vald mot eit barn! Tenker med gru på kva denne jenta kanskje vert utsett for innanfor husets fire vegger.

Ok, eg sa i alle fall i frå. Og kanskje kan det hjelpe noko. Fekk jenta det med seg, forstår ho at andre vaksne reagerer på det faren gjorde med henne. At nokon sa at dette ikkje er greit. 

Men eg håper ho ikkje såg dei 15-20 andre vaksne som sto i køen berre to meter ifrå da faren lugga og heldt henne fast. 15-20 vaksne som sto som saltstøtter og ikkje opna munnen, då ein fireåring vart mishandla rett framfor auga deira. 

Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelHøysesong for samlivstrøbbel
Neste artikkelHvem er du i søskenflokken?
DEL